Utsikten Landeskogen
Utsikten Landeskogen er eit turmål i Grendi. Turen startar på parkeringsplassen ved Årdal kyrkje og følgjer vegen mot Landeskogen. Den tek så av og går inn på ein sti i skogen. Stien er gammal og vart opparbeidd like etter at tuberkulosesanatoriet opna i 1916. I 2011 leia Roald Rysstad eit svært dugnadsprosjekt, der 16 vanskelegstilte tyske ungdomar var med og rydda 4 km med attgrodde stiar i området rundt Landeskogen. Mellom desse var stien mellom Landeskogen og Utsikten. Løypa er lett å gå.
Turmålet har vore med i Otra ILs Ti toppers. Utsikten er også med i Reumatrimmen, turopplegget til Setesdal Revmatikerforening.
I 2015 var det notert 1843 turar til Utsikten i turboka som Bygland helselag hadde på toppen. 14 personar hadde gått turen 15 gonger eller meir, og mellom dei vart det trekt ut ein vinnar som fekk eit gåvekort på Intersport Evje. Aila Bekkelund med feriehus på Kyrkjeodden i Grendi vart den heldige vinnaren.
Medan dei fleste norske turgåarane starta på parkeringsplassen ved kyrkja, starta mange tyskarar og nederlendarar frå Elgtun.
Kjelder
- 1843 turar til Utsikten ved Landeskogen. Artikkel i Setesdølen nr. 105, 2015 side 6
- Om turmålet hos visit.norway.no
- Helga Arntzen og Oddvar Schjølberg, På grunn av og til tross for, Aktive Fredsforlag, 2017, side 269-270