Tysdagsprogram i Valle Radio 20130305
Tysdagsprogram i Valle Radio 20130305 er sida til programmet i Valle Radio tysdag 5. mars 2013. Harald Haugland var ansvarleg for programmet denne kvelden.
Program
18.00 Kvarteret
- Programinformasjon
- Draugedalen
- Kåseriet
18.15 Over ein open Bibel
Andaktsholder denne uka er pastor Arvid Hunemo i Vennesla Frikirke. «Eg klarer ikkje livet mitt uten å ramle. Men så fort eg kan, går eg til Jesus og takker han som er med meg og vil både tilgje meg og gje meg ein ny start». Andakt tirsdag: Tema: Livet leves i en risikosone Tekst: 1. Kor 10,1-6
18.30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
Samtale med Terje Bestul om Sabbatsmåltid på Moisund bedehus fredag 8. mars 2013 klokka 19. (Da telefonen framleis ikkje var i orden, måtte dette gå ut)
18.45 Diakoniens dag
- Opptak frå gudstenesten i Valle kyrkje sundag 3. mars 2013. Liturg var sokneprest Terje Seilskjær, prostidiakon Per Emanuelsen talte. Klokkar Karin Bøe las tekstane og organist var Tonhild Kråkenes.
- Første lesetekst var Sak 3,1-5
1 Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han.2 Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen.4 Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.»5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der.
- Andre lesetekst var 2. Kor 12,7-10
7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.
- Preiketeksten var Luk 22,28-34
28 De er dei som har halde ut hos meg i prøvingane mine. 29 Og no overlèt eg riket til dykk, slik som Far min har overlate det til meg: 30 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike og sitja på troner og dømma dei tolv Israel-stammane.
31 Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» 33 «Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.» 34 Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»
20.00 Møteplassen
Han begynte på bibelskole, selv om han ikke var noen kristen. Hør hvordan det gikk med Kristoffer Ueland i Møteplassen denne gangen. I dagens utgave av Møteplassen skal du få treffe Kristoffer Ueland. Han var et fotballtalent som hoppet av idretten, for å begynne på bibelskole, selv om han ikke var noen kristen. I Møteplassen vil du få høre historien til Kristoffer Ueland.
Sangene i denne utgaven av Møteplassen var ved Lars Bårdsen med «Det er nok det som Jesus gjorde», Dagfinn Egeland med «Kor stort min Gud» og Tore og Koret med «Jesus her er jeg send meg». Gjesten var altså Kristoffer Ueland fra Sandnes og det var laget av Ingve Gilje fra Nytt Liv Media i Stavanger. Dette var et gjenhør fra august 2012.
20.30 Postludium
- Niklos K. Besteland presenterer musikk der kvinnelege organistar spelar.
- Johann Pachelbel (1653-1706): Von Himmel Hoch da komm ich her. Orgelkoral spelt av Marie Ducret på orgelet i [1]
- Arnold Brunckhorst (1670-1720): Preludium og fuge i e-moll spelt av Marie-Claire Alain på orgelet i Viborg domkirke
- Joseph Guy Ropartz (1864-1955): Tema med variasjoner nr. 1 spelt av Marie Ducret på orgelet i Laon Cathedral
- Jehan Alain: Letanies spelt av Almut Rössler på orgelet i Limburger Dom
21.00 Kyrkjebakken
Eksterne lenker
- Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
- Valle Radios blogg: https://setesdalswiki.no/blog
- Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
- Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside