Terje Seilskjær

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Terje SeilskjærSymbol unrelated.svg
Terje Seilskjær.jpg
Født: 10. april 1955 (64 år)

Terje Seilskjær (fødd 10. april 1955) er tilsett som sokneprest i Valle prestegjeld frå mars 2011 etter å ha vore vikarprest i 80% stilling frå 15. september 2010. Han er frå Søgne og var fengselsprest i Kristiansand i tre år før han no gjekk inn i vikariatet i Valle. Før det var han leiar av kultursenteret Søgne gamle prestegård. Han har og arbeidd i Søgne kommune, mellom anna med ruspolitikk. Ein periode var han leiar av Kirkens Bymisjon i Kristiansand og då var han og gateprest i Kristiansand.

Terje Seilskjær var etter utdanninga si, han er cand.theol. frå MF 1981 og har praktikum frå Universitetet 1982, sokneprest på Dønna i Nordland frå 1982 til 1987, deretter i Nore og Uvdal i Buskerud frå 1987 til 1997.

Dei første åra i Valle var Terje Seilskjær vekependlar mellom Søgne og Valle, men frå sommaren 2014 fekk kona Åshild Fløgstad Seilskjær jobb som lærar på Valle skule. Dei har tre barn, Erlend Seilskjær, Mari Seilskjær og Einar Seilskjær.

Kjelde[rediger]

  • Setesdølen nr. 69 2010
  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater Verbum 2000, ISBN 8254308608 side 466