Torleiv Løyland (1946)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torleiv Løyland (1946)
Født: 21. mars 1946 (71 år)

Torleiv K. Løyland (fødd 21. mars 1946) er sjåfør for Setesdal Bilruter. Han bur i Leitesvingen 3 i Valle.

Torleiv er fødd på Løyland i Valle. Han vaks opp der, som den yngste i ein syskjenflokk på fire. Faren døydde medan Torleiv var bare tre månader gamal. Han drog i ungdomen til sjøs, og jobba litt i Kristiansand. Men då den store kraftutbyggingsperioden tok til i Setesdal på 1960-talet, kom han attende til Valle-bygda. Han skaffa seg sin eigen lastebil, og køyrde mellom anna på Nesland-utbygginga i Bykle, på dambygging og på alle oppdrag han kunne få i samband med store utbyggingar med masseforflytting. Då anleggstida dabba av, bygde han om lastebilen til langtransport og køyrde på oppdrag for Setesdal Bilruter i mange år. Seinare vart han fast tilsett som bussjåfør, og har no vore bussjåfør i Bilruta i mest 30 år.

Torleiv har kone og tre vaksne born.

Kjelder[rediger]