Birgit H. Harstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgit H. Harstad
Født: 31. desember 1921
Død: 6. mars 2017 (95 år)

Birgit H. Harstad (fødd 31. desember 1921, død 6. mars 2017) budde i Valle. Ho var enke etter Bjug Harstad og etterlet seg sonen Torleif B. Harstad, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og øvrig familie. Dottera Ingebjørg Nesland var død tidlegare. Gravferda var frå Valle kyrkje onsdag 15. mars 2017 klokka 12. Etter gravferda var det minnestund i Valle menighetshus.

Birgit H. Harstad kom frå Berg i Valle og var yngst av sju søsken. I 1941 vart ho gift med Bjug Harstad. Han fekk arbeid på Lumber i Kristiansand, så i 1950 flytta familien til byen, der ho også fekk arbeid. Men så fekk mannen overta Nistog Harstad, og dermed flytta dei tilbake til Valle. I tillegg til arbeid på garden, fekk ho etter kvart reinhaldsarbeid på skulen. Ho var også aktiv i Valle bygdekvinnelag, Valle pensjonistforening og i Prestegardens misjonsforening for NMS.

Kjelder