Bente Jorunn Harstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bente Jorunn HarstadSymbol unrelated.svg
Født: 16. november 1981 (37 år)

Bente Jorunn Harstad (fødd 16. november 1981) vaks opp i Valle som dotter til Aase og Torleif B. Harstad. Ho arbeidde fem år som journalist i Arendals Tidende frå 2006 til 2011, då ho tok til som marknadsmedarbeider i Nordic Outdoor på Krøgenes i Arendal.

Etter å ha gått ut av Valle skule tok ho eit år på linja «Matlaging til hverdag og fest» på Rødde folkehøgskole i Melhus kommune utanfor Trondheim 1997-98. Så starta ho på Møglestu videregående skole på linja som den gong heitte «Tegning, form og farge». Før ho var ferdig i Lillesand, hadde ho fått seg generell stuiekompetanse. Studieåret 2001-2002 var ho på Staffordshire University i Stoke-on-Trent. Der studerte ho media, men også historie og sosiologi. Så kom ho tilbake til Norge og tok årsstudium i statsvitskap og medievitskap på Høgskolen i Agder frå 2002 til 2004. I 2005 fullførte ho bachelor i medievitskap (med statsvitskap) på Universitetet i Oslo.

I Oslo var ho eit år etter at ho var ferdig med studiet, då var ho tilkalllingsvikar hjå dåverande J.W. Cappelens Forlag på sentralbordet og postavdelinga. Men i 2006 flytta ho til Arendal og starta å jobbe der som journalist, ein jobb ho hadde til ho fekk jobb i Nordic Outdoor på Krøgenes i Arendal i 2011. Nordic Outdoor er eit distributørselskap med produkt innan fiske og friluftsliv, som mellom anna eig varemerket Sølvkroken.

Saman med sambuar Tore Knutsen frå Saltrød, som jobbar i ein privat barnehage, har ho busett seg på Stenklev i Arendal.

Kjelde[rediger]

  • Opplyst av Bente Jorunn Harstad 21. september 2012

Eksterne lenker[rediger]