Torjus Åkre 75 år

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torjus Åkre rundt 1972 (75 år).
Foto: Fædrelandsvennen

—Det er som ein slag «Svartedaude» har gripe om seg på Sørlandet—

Av Jannes Bjørnsen, 1972


-No kjenner eg meg som ein framand i Setesdal. Det er mangt eg saknar, men mykje av det nye er sers godt. Velstanden er jamnare og sjansane for å utdane seg er betre.


Er det rette to i dei unge, er det lettare å kome fram. Og det er ein gild ungdom me har som vil utdane seg, sume teoretisk, andre i praktisk lei. Før har det berre vore «einvegskøyring». No ser det ut til å rette seg. I Valle har det t.d. dei to siste åri vore husstellkurs — 1 og 2 klassar — siste året yrkeskurs for gutar og jentor. No vonar folk i dalen at dei må verte permanente. Då kan det lukkast å byggje ut i Valle eit sentrum for bygdekunst og bygdekultur. I Hylestad er det planar om å setje i gang bygging av laftebygde hytter og eit industribygg. Her er nok av oppgåvor for dei som har tiltaksevne og vilje. Ja, vegen ligg meir open for dei unge. Og det skal ein sjølvsagt vere glad for. Men det fører med seg at den beste ungdomen reiser ut, og få av dei kjem tilbake. Det er trist.


Denne fråsegna kjem frå Torjus Å k r e, mannen som laurdag den 3. juni blir 75 år — og som har vore lærar i 46 år, derav 44 år i Setesdal. Han held på det fine og ekte i Setesdals-kulturen, og han er romantikar, men og realist. Få har som han, kjempa for å ta vare på det gamle, anten det gjeld talemål eller anna. Men han skjønar så godt at ein ikkje kan stå på «stedet marsj». Ein må gå framover, halde på det som er av verd og ta med seg det nye som kan bli til nytte. Samstundes som han har gått i brodden, har han vore smålåten. Det er sak, ikkje person for han. Truleg er det og mykje av grunnen for at han har lukkast med det han har gått inn for. Det kjem så lognt det han seier, litt seint vil kanskje nokon hevde, men så mykje det er i alt! Det legg seg på sinnet, ein gløymer det ikkje så lett, for bakom alt ligg hugen til å gjera det positive. Han høyrer ikkje til dei som trivst med kritikk og ironisk talemåte, han vil byggje opp. Og ein byggmeister har han vore på så mange omkverve. Han kan i dag glede seg over at han har vore med og gitt vokster til mang ei spire, og det gjeld både menneske og saker.


Åra 1915 til 1918 gjekk Torjus Åkre Lærerskolen i Kristiansand. Den første lærarposten hadde Torjus i Birkenes, samla skule på Holte, to-delt på Hobbesland. Deretter kom han eit par månader til ein fir-delt skule i Flatebygd og så året ut framhaldskulelærar på Hornnes. Då framhaldsskulen for Valle og Bykle kom i 1920, fekk han den posten. Og sidan blei det Setesdal, til jol 1934 i framhaldsskulen, Oveinang folkeskule 10 1/2 år og sidan Vallebø krins i 19 år. Han gjekk av på 67-års dagen sin den 3. juni 1964. Og på den bygdefesten som blei skipa til laurdag den 13. juni, fekk han ved gåver og varme ord røyne kor høgt dei sette han.

Det kan vel hende Torjus Åkre hadde hatt hug til å bli noko anna enn lærar. Men for Valle og folket — og for dalen — var det ei lukke at han fekk post så tidleg i heimbygda, og at han blei hangande der. For han har hatt så mykje å seie på mange område, alltid viljug til å ta eit tak om ein bad han om det. Og tillit har han hatt alle dagar og i alle lag.


                                                  MANGE VERV

Han var medlem i skulestyret i 26-27 år som representant for lærarane og formann i 13 år, derav 11 år etter krigen. Det var i hans formannstid dei reiste sentralskulen på Åkreneset. Han sat i kommunestyret ein periode for Venstre, han var formann i småbruk- og bustadnemda, husbanknemda og edruskapsnemda. I fråhaldslaget, mållaget og lærarlaget for Bykle, Hylestad og Valle hadde han formannsvervet. Det hadde han i fleire år i Venstrelaget. Han var kasserar i styret for Setesdalsmuseet, og han var med i nemda for Setesdalsfilmen. Ennå sit han i det lokale programrådet for Sørlandssendaren.


                                                 DET EKTE MÅLET

Han har vore mykje nytta som talar, ikkje berre i Valle, men i Bykle og det gamle Hylestad. I setesdalslaget i Oslo har dei og fått høyre han, og i radio fleire gonger. Den klingande dialekten hans er så ekte. Han er nok konservativ i så måte, held på i-målet som setesdølar flest — og som vel og dei fleste andre er samde i har den beste klangen og tonen. Han og Sigurd Aamlid var så gode vener, og når ein var i lag med dei, kunne ein sitje og kose seg over kor vent Setesdalsmålet er.


                                                 SKRIBENTEN 

Med pennen har Torjus Åkre og vore flittig. Serleg har Fædrelandsvennen nytt godt av den. I mange, mange år har hn under merket Stigand vore ein trugen medarbeidar og er det heldigvis framleis. Vi er så trygge på det som kjem frå han, for vi veit at han alltid legg vinn på å vere objektiv. Og Turistforeningen har gjennom åra hatt fleire framifrå artiklar frå Åkre. Han har og skrive «100 års soga for Valle Sparebank» og eit jubileumskrift for Setesdal Bilruter. Og det var heilt naturleg at redaktøren for Valle bygdesoge, res. kap. Olav Kr. Strømme, sikra seg han som medarbeidar. Og i det høvet har han vore på statsarkivet i Kristiansand mange gonger.


                                                 STØLSLIVET

—Koss går det med sogearbeidet? — Eg er ferdig med støls- og slåttelivet og har levert manuskriptet. Før i tidi — heilt fram til 1950-åri — spela det ei stor rolle. Men det gjekk så fort tilbake, så utruleg fort. Ingen drøymde om at det kom til å gange på den måten. I Valle er det ikkje lenger nokon som ligg med krettur på stølen. Men i Hylestad er folk på Hovet og Haugen enno nokre veker der om sumaren. Det er likevel ein positiv ting at folk gjerne vil halde i stand stølsbuene. Og hev dei tid, tek dei seg gjerne ein tur på heii. I min ungdom var det mest ikkje folk att i dalen sumarstid. Det var ei forunderleg stemning der då, for alle som kunne det, reiste til stølen. Det var berre dei gamlaste som var att, dei som ikkje greidde å gange. Då var det mest på alle gardar i dalen «stokk og dønn» som dei sa. Dei hadde ikkje vanlege låsar, men ein pinne i døri synte at de ikkje var folk heime.


                                                 SKULEN 

No held eg på med skulesoga og er komen til 1960 — fortel Åkre vidare. Det eldste er frå 1739 då den første skulelovi kom. Sokneprest Berg fekk til oppgåve å ordne med skulen i prestegjeldet. Men han fekk ikkje sett ut i livet ordningi med skuleroter, før han flutte. Så kom sokneprest Musæus (Liste over prestar i Valle), ein flink mann som var interessert i skule. Men han møtte slik motstand frå bygdefolket at han ikkje fekk gjennomført så mykje som han ville, endå han var sokneprest i 30 år. Den driftige sokneprest Gjellebøl klarte det. Han fekk til tre skuleroter i Valle, 1 i Hylestad. I hans tid vart den fyrste valldøl klokkar (og lærar), Aanund Halvorson Kjelleberg, det var i 1777. Han måtte gå frå gard til gard. Etter matrikkelskylden fekk kvar bonde så og så mange dagar der han måtte halde skulen. I 1846 vart det vedteke å byggje den fyrste skulestova, men ho var ikkje ferdig før i 1848. Den stod i Ruslehaugen der det seinare vart klokkargard —til 1869. Fyrst flytte dei huset til Åkre og bygde på (Forts. s. 12) Uttklippet på s. 12 var desverre borte!


Kjelde

  • Jannes Bjørnsen Det er som ein slag «Svartedaude» har gripe om seg på Sørlandet , Fædrelandsvennen, 1972.