Torgny Sandland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgny SandlandSymbol unrelated.svg
Født: 1940 (alder 79–80)

Torgny Sandland (fødd 1940) bur på Øygarden i Bjelland, der han var bonde frå 1965 til 2004. Han er gift med Tordis Sandland. I 2009 fekk han Kongens Fortenstmedalje. I omtalen i samband med tildelinga får vi vite at han då hadde vore kyrkjegardsarbeidar i 46 år, leiar av Bjelland sundagsskule i 34 år, 15 år som drivkraft bak barnekoret Glad sang. Han var organist i Åseral og Bjelland, men også organistvikar rundt om på Agder. I tillegg har han vore aktiv i politikken og vore ordførar, varaordførar, medlem i dei fleste politiske utvala i kommunen og i fylkeslandbruksstyret. Dessutan er han sterkt engasjert i bevaring av kulturlandskapet og har restaurert og bygd mange steingjerder.

I tillegg til dette skriv han og artiklar i Setesdølen.

Kjelder[rediger]