Svenn Kvaale

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Svenn Kvaale
Født: 4. mars 1927
Død: 3. juni 2019 (92 år)

Svenn Kvaale (fødd 4. mars 1927, død 3. juni 2019) var bonde på Kvåle i Bygland kommune, der han har drive mjølkeproduksjon, sauehald og skogsdrift. Han har vore samfunnsengasjert i heimbygda heile livet og vore med i kommunestyret i Bygland i mange periodar som representant for Senterpartiet. I perioden 1991 til 1995 var han varaordførar då Torbjørn Borgi frå Ap var ordførar. Han var leiar i skulestyret då den nye skulen på Byglandsfjord vart bygd. Han var og sterkt engasjert i Ose Kulturverkstad/ Ose grendehus og Ose Turistheim.

Utanom politikken har han vore engasjert i Bygland Mållag, Bondelaget og dei faglege organisasjonane i landbruket.

Familie[rediger]

Svenn Kvaale er bror til Gunnar Kvaale og gift med Ingrid Kvaale. Foreldra hans var Jørund G. Kvaale og Eli G. Kvaale (fødd Ose). Han etterlet seg kona Ingrid Kvaale, barna Elin, Åslaug, Tobbi, Rønnaug og Guro, svigerbarn, barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Bygland kyrkje fredag 14. juni 2019 klokka 12

Kjelder[rediger]