Eli G. Kvaale

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eli G. Kvaale
Født: 1893
Død: 1982 (alder 88–89)

Eli Gunnarsdotter Kvaale (fødd Ose 1893, død 1982) var bondekone på Nedre Kvåle og kulturberar i Bygland.

Eli var fødd på Ose bnr. 1. Foreldra var Gunnar Drengson Ose og Birgit Svensdotter Ose (f. Moi). Meisterspelemannen Dreng Ose var bror hennar. I 1917 gifta ho seg med Jørund G. Kvaale på Nedre Kvåle. Her var ho bondekone. Då Jørund under 2. verdskrigen kom i tyske fangenskap, dreiv Eli garden aleine i tre år.

Heime på Ose hadde Eli lært seg mange stev og forteljingar. Ho hadde god songrøyst og song på radioen. Mange av steva hennar er tekne opp på band. I 1939 var ho ei av kvinnene som skipa Bygland bygdekvinnelag. Ho var den første leiaren i laget, og var aktivt medlem i mange år.

Dei siste åra før Eli døydde budde ho på Byglandsheimen.

Kjelder[rediger]