Svein Kjetilsson Hovden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Svein Kjetilsson Hovden (fødd 1915, død 2003) var den første frå Bykle som tok artium, og blei seinare også den første lækjaren frå Bykle. Etter fullført utdanning var han lækjar i Nord-Norge og på Vestlandet. Han vart distriktslækjar i Valle i 1961. Bykle høyrde til Valle lækjardistrikt på den tida. Då han vart pensjonist i 1982 flytta han til Hovden, der han hadde bygd seg hus i Malmvegen 21.

Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at Svein var ein kulturpersonlegdom, spelemann, kunstmålar og sogeforteljar som følgde tradisjonen etter bestefaren Svein Hovden.[1]

Under 2. verdskrigen var Svein student. Han blei arrestert av tyskerane og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland som mange andre norske studentar.

Foreldra til Svein var Kjetil Sveinsson Hovden (f. 1887, d. 1964) og Torbjørg Olavsdotter Hovden (f. Breive 1890, d. 1953).[2]

Referansar[rediger]

  1. Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, bind I, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 242
  2. Heimar og folk i Bykle, I, side 172