Store Stangevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Store Stangevatn i sørenden av vatnet.

Store Stangevatn er eit vatn på heia (490 moh.) aust for Høgås skianlegg mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes. Arealet er 0,321 km2. Nedbørsfeltet er 1,7 km2, og det er i gjennomsnitt 4 meter djupt. 200-300 meter i sør-vestleg retning ligg Lisle Stangevatn. Frå Store Stangevatn til Lisle Stangevatn renn Kjeråsbekken. Frå Lisle Stangevatn renn Hallmyrbekken nordover til Rassevæte og Klepslandsåna. Desse to vatna høyrer såleis, via Høvringenvassdraget, til Tovdalsvassdraget.

Rett nord-vest for vatnet ligg Takåsen og Takåsen hyttefelt. Vest for vatnet ligg Kjeråsen. Kjerosløypa i Høgås skianlegg passerer mellom Store Stangevatn og Lisle Stangevatn.

Kjelder[rediger]

  • Myklandsvatn og Mjålandsvatn (Froland), Lisleøygardsvatn og Store Stangevatn (Evje og Hornnes), fiskeundersøkelser høsten 2000, utgjeve av Fylkesmannen i Aust-Agder (Miljøvernavdelinga)

Kart[rediger]

Laster kart...