Lisle Stangevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lisle Stangevatn ein tåkete novemberdag.

Lisle Stangevatn er eit lite vatn på heia aust for Høgås skianlegg mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes. 200-300 meter i nord-austleg retning ligg Store Stangevatn. Frå Store Stangevatn til Lisle Stangevatn renn Kjeråsbekken. Frå Lisle Stangevatn renn Hallmyrbekken nordover til Rassevæte og Klepslandsåna. Desse to vatna høyrer såleis, via Høvringenvassdraget, til Tovdalsvassdraget.

Det ligg eit par eldre hytter ved Lisle Stangevatn. Kjerosløypa i Høgås skianlegg passerer mellom dette vatnet og Store Stangevatn.

Kart[rediger]

Laster kart...