Stien (Evje og Hornnes gnr. 38 bnr. 1)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Stien)
Hopp til: navigasjon, søk
Stien i 2014.
Ein gamal buplass på Stien.
Foto: Geir Daasvatn

Stien er eit fråflytta gardsbruk (gnr. 38 bnr. 1) på Landsverk, søre aust for Otra, lengst sør i Evje og Hornnes kommune, langs Fv-309 mellom Klepp og Vånne, mot grensa til Iveland. I vest grenser bruket til Klepp. Mot sør ligg Landås i Iveland.

Oluf Rygh meiner namnet kjem av det gamalnorske stigr, stig. Men den lokale gardsnamnkjennaren Oddmund Mogstad meiner ein like gjerne kan tenkje på stee, land der bekken fløymer over myr. Mykje av den dyrka jorda på garden ligg på ein stee.

Klepsåna renn forbi garden.

Tellef G. Stien hadde garden til han døydde i 1954.

Kjelder[rediger]

  • Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, Arnstein 2008, side 34
  • Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Faglitteratur, 1956, side 206-207