Landsverk (Evje og Hornnes gnr. 38)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Nokre av husa i Landsverkgarden.
Foto: Geir Daasvatn
Landsverk (Landsverk søndre) er ein gard (gnr. 38) sør-aust i Evje og Hornnes, på grensa mot Iveland. Nabogard i nord er Vånne. I aust ligg Li, Nedre. Mot sør-vest ligg Klepp. Fylkesveg 3792 (Vånnevegen) går forbi garden. Det lille vegstykket frå Vånnevegen inn til bustadane heiter Landsverkgarden.
Historie
I Evje og Hornnes reknar ein at dei yngste sjølvstendige gardane nok er dei som endar på -støl eller -verk. Landsverk er truleg frå kristen mellomalder.
Kjelder
- Kart og grunnbok på nettsida til Statens Kartverk
- Norges Bebyggelse, herredsbind for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 206-207
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 33