Stasjon 362 (Flåt)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Stasjon 362 var ein stasjon (etasje) i Nygruva i Flåt nikkelgruve. Det gjekk taubane om lag 300 m innover i gruvegangen. Her var det motorar som trekte vognene både inn og ut. Hovudstullen var 3 m høg under taket, og 6 m brei. Det var eitt spor inn for gruvevognene, og eitt spor ut. Frå hovudsporet gjekk det sidespor ut til kvar lastebenk. På den måten blei det over 26 sidespor med pensar og svingskiver. Når gruvearbeidarane skulle innover i hovedtunnelen, måtte dei gå på venstre side.
Det var i alt ni stasjonar nedover i Nygruva.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 307 og side 310–312
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.