Stasjon 207 (Flåt)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Stasjon 207 var ein stasjon (etasje) i Nygruva i Flåt nikkelgruve. Der var det bare ein kort stull på kanskje 25–30 meter frå Loddsjakta inn til malmgangen. Då det var tomt for malm på denne stasjonen, blei gråfjellstunnelen støypt igjen både inne og ute, slik at heile stullen innover blei til eit stort vassbasseng. Der var ei pumpe som pumpa vatnet frå Stasjon 207 vidare opp i dagen.
Det var i alt ni stasjonar nedover i Nygruva.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 309 og side 361
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.