Sprekleiken 2011
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sprekleiken 2011 vart arrangert sundag 6. november 2011 kl. 14.00 i Vallehalli av Valle IL og Valle jakt- og fiskelag, som skipa til Sprekleiken fyrste gongen i 2009.
I 2011 var konkurransen flytta innandørs og var difor endra ein del, men ein tok vare på kryping, rundballetrilling og sekkebering. Sekkeberinga var opp tribunetrappene i Vallehalli, men sekkene var mindre enn før. I tillegg var det balanse og pedaltråkking. Å gjennomføre pedaltråkking etter sekkebæringa var ikkje lett.
Endringane synte seg å gje ein spanande og publikumsvenleg konkurranse inne og ein satsar nok på å gjennomføre konkrransen inne i framtida.
Program
Til Sprekleiken dette året hadde arrangørane fått trimdronninga Kari Jaquesson. Arrangementet hadde dette programmet:
- 14-16 Sprekleiken
- 16.30 Trimtime med Kari Jaquesson
- 18.30 Kari Jaquesson: Foredraget «Det gode liv» i Kommunestyresalen i Valle. Inngangspengar 100 kr.
Vinnarar
- Junior
- Senior menn
- Sigve Jacob 1.53,84
- Gunnar Gakkestad 1.54,35
- Senior kvinner
- Liv Gunn Viki
- Kari Jaquesson
- Lag
- Setesdal folkehøgskule 1.02,97
- Valle IL: Bjørnar Støle, Øyvind Uppstad, Knut Henrik Torgersen 1.15,53
Kjelde
- Plakat og omtale