Aron Åkre Rysstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Aron Åkre RysstadSymbol unrelated.svg
Født: 11. april 1999 (25 år)

Aron Åkre Rysstad (fødd 11. april 1999) er skiløpar, og bur i Øyne i Valle. Han tok gull og fjerdeplass i uttaksrenna til junior-VM i 2019, og kvalifiserte seg med det til meisterskapet. Her gikk han heilt til finalen i sprintkonkurransen og blei nummer seks. I NM for junior i sprint gjekk han også til finalen, og vart nummer fem av 208 startande. Det beste resultatet før dette var 1. plass i 10 km klassisk i M-17 klassen i Norgescupen i langrenn.

I februar 2016 signerte Aron ein sponsoravtale for 2016 med Valle Sparebank. Avtalen sikra 15.000 kroner til vidare skisatsing.[1]

Han har fått gode resultat i ei rekke løp (friidrett) og trente hausten 2011 med Finn Kolstad i Kristiansand. Han sprang helst lange løp, 3 km, 10 km og halvmaraton.

Foreldrene til Aron er Jon Ola Rysstad og Bjørg Åkre.

Resultat

  • 6. plass i Junior-VM sprint
  • Vinnar av 10 km klassisk i M-17 klassen i Norgescupen i langrenn i Steinkjer
  • Vinnar av «Lysebotn opp» (16-års-klassa) 2015
  • Vinnar av skicross under Hovedlandsrennet 2014[2]
  • 3. plass i Oslo Maraton 3 km 2011
  • 2. plass i Brokkedilten 2011
  • 2. plass i Suleskar halvmaraton 2011
  • 12 plass i Oslo Maraton 10 km
  • 5. plass i Svalandsgubben 2009

Kjelder

Referanser

  1. Ole Birger Lien, Sponsa Elin og Aron med 15.000 kr. kvar, artikkel i Setesdølen nr. 16, 2016, side 16
  2. Langrennscross 2014