Sprekleiken

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Sprekleiken er eit arrangement som Valle IL og Valle jakt- og fiskelag skipa til første gongen i 2009. Konkurransen er inspirert av Olaf Tufte sitt arrangement på Tufte gard og ulike liknande konkurransar som Highland Games i Skottland. Stokkekastinga kjem derifrå.

Konkurransen går føre seg i ei rundløype. Den omfattar mellom anna rundballerulling, stokkekasting, sekkebering og kryping.

Deltakarar og klassar[rediger]

Lokale deltakarar konkurrerer mot kjentfolk. Desse har vore med:

Då konkurransen starta i 2009, var forma ny og ukjend. Men Valle IL har betra marknadsføringa og ynskjer deltakarar frå heile Setesdal og gjerne landsdelen med. Det er klassar for vaksne menn og kvinner over 16 år, juniorklasse for jenter og gutar under 16 år og lagkonkurranse.