Songedalslia
Hopp til navigering
Hopp til søk

Songedalslia med det snorbeine Melejuvet nedanfor. Høgt oppe i lia, under svaberget rundt midten av biletet, styrta det engelske bombeflyet.
Foto: Reidar Tveito
Songedalslia er lia rett sør for Skjevraknuten ned mot Melejuvet, på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Eit britisk bombefly, AN 525, styrta i Songedalslia 8. september 1941, etter å ha blitt skote ned av tyske jagarfly. Heile mannskapet på sju omkom. Dei er gravlagte på kyrkjegarden ved Bygland kyrkje.
Det går skogsbilveg frå Mele innover i heia på nordsida av Melejuvet, og merka sti opp til flyvraket.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Luftkampen over Bygland, utgjeve av Bygland sogelag og Bygland kommune, 2001