Skipmannsheia
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skipmannsheia var eit namn ein tidlegare mykje brukte om heiedraget eller heieovergangen mellom Mosby i sør og Kile i Hægeland i nord. På dette strekket gjekk dei gamle vegane ikkje langs Otra. Dei eldste vegane her kan vere svært gamle, kanskje rundt tusen år. Det var gang- og kløvvegar. Den første ordentlege setesdalsvegen (køyreveg for hest og vogn) var ein samanhengande serie med kleiver: Moldkleiv, Trebukleiva, Buekleiv, Skottedalskleiva, Myrbotnkleiva, Knutskleiva, Almkleiv, Vassåsdalen, Lintjønnkleiva, Reiersdalskleiva, Helveteskleiva, Espelandskleiva, Tromyrkleiva, Sandkleiv og Eljannskleivan.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, Vest-Agder, 2000, side 193–194
- Temaplan for kulturminner og kulturmiljøer, Vennesla kommune, vedteken av kommunestyret 20. april 2017, side 31