Vassåsdalen (veg)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Vassåsdalen var ein lang og tung bakke på den gamle Setesdalsvegen opp frå Skarpengland til Sandripheia i Øvrebø. Han blei bygd ein gong i åra 1829–1833. Han blei utvida i 1840-åra og i 1880-åra. Vegen var i bruk heilt til 1963. Då kom «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen, som i dag er Riksveg 9. Den gamle vegen ligg att på austsida av bekken i Vassåsdalen, medan riksvegen går på vestsida.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 186
- Artikkelen om gamle Setesdalsvegen på Kulturminnesok.no