Skaiå barnehage
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skaiå barnehage er ein barnehage med seks avdelingar. Ei av desse er ei uteavdeling. Barnehagen ligg på Skaiå i Iveland, og held til i det som tidlegare var Skaiå skule. Det er stort og flott uteområde rundt barnehagen, og fine turområde i kort avstand. Beate Stømne Frigstad er einingsleiar for barnehagane i Iveland.
Historie
Sommaren 2010 vart barnehagen utvida frå tre til fem avdelingar, ei utviding som kosta to millionar kroner. Frå hausten 2010 var barnehagen tilnærma full. Skuleåret 2010–2011 gjekk elevane frå barneskulen på Skaiå på skule på Birketveit. Frå 2011 skulle dei få ny barneskule for 1. til 4. klasse like ved Skaiå barnehage. Men seinare vedtok kommunestyret å ikkje bygge ny skule på Skaiå.
Kjelder
- Sigrid Åsen Haugsgjerd: Barnehageutviding for 2 mill. klar. Arikkel i Setesdølen nr. 67, 2010 side 4
- Heftig skuledebatt i Iveland, artikkel på Moisund.com
- Kommunestyrevedtak 10. desember 2013