Sjur Bjåen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjur Bjåen
Sjur Bjåen.jpg
Sjur Bjåen etter heimkoma frå England i 1945.
Født: 11. august 1909
Død: 30. januar 2000 (90 år)

Sjur Knutsson Bjåen (fødd 11. august 1909, død 30. januar 2000) var fjellmann, jegar, fiskar, turistvert og gravemaskinførar. Han var fødd og oppvaksen på Bjåen heilt nord i Bykle, men budde mot slutten av livet på Hovden. Der hjalp han systera Margit med turistverksemda hennar på Hartevassbu. Han budde også i lag med henne i bustaden i Stussli bustadfelt frå 1978. I 1946–1947 var Sjur pelsjegar på Svalbard, saman med brørne Jon og Knut og syskjenbarnet Olav Såvesson. Dei skal ha skote 168 isbjørnar, noko som skal vere verdsrekord for eit jaktlag på ein sesong.

Krigsinnsats

Sjur Bjåen var lagførar i Milorg på Bjåen. Etter razziaen mot Jøssingbu i januar 1943 måtte han flykte. Han kom først til Sverige, der han fekk befalsutdanning. Seinare var han i Skottland.

Seinare var Sjur med i Koreakrigen som sanitetsmann.

Familie

Far til Sjur var Knut Bjørgulvsson Bjåen. Mora var Torbjørg Sjursdotter Vatnedalen.

Kjelder