Ivar Dag Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ivar Dag HommeSymbol unrelated.svg
Født: 1933 (alder 85–86)

Ivar Dag Homme (fødd 1933) er pensjonert gardbrukar og tømmermålar. Han bur på SkretveitSkreland i Bygland. Ivar var gift med Siri Skreland Homme. Dei gifta seg i 1961, men Siri døydde i januar 2018. Borna deira er John Tomas Homme, Olav Skreland og Inger Tone Homme.

Ivar kjem opphaveleg frå garden Møkjåland (bnr. 6) i Iveland. Han gjekk på landbruksskule og traff Siri. Dei budde saman på Møkjåland i 16 år, før dei rundt 1977 flytta nordover til Bygland og Skreland for å overta bruket (bnr. 2) etter far hennar, Olav Tomasson Skreland (f. 1893, d. 1971). I 1993 overførde dei gardsbruket på Skreland til sonen Olav. Dei sette seg opp nytt bustadhus på Skreland i 1995/1996. I 2010 blei eigedomen formelt skild frå bnr. 2, og gjeve namnet Skretveit (bnr. 14).

Foreldra til Ivar Dag var John Tobias Homme (f. 1900, d. 1999), lensmann i Vegusdal og handelsmann på Vatnestrøm i Iveland i mange år, og Dora Homme (f. Fjermedal 1903, d. 1996).

Kjelder[rediger]