Setesdalsmeisterskapen i barnefotball
Hopp til navigering
Hopp til søk
Logoen til turneringa.
Foto: Ove Kjetså
Setesdalsmeisterskapen i barnefotball er ei fotballturnering for jenter og gutar 7-12 år som første gong blei arrangert i Byglandshallen på Bygland laurdag 25. november 2017. Turneringa er for 3-ar lag, og med to minimål på kvar kortside.
Bakgrunn
Turneringa kom i stand etter initiativ frå Kim Andre Nomeland Thorstensen i Bygland IL. Ho er meint å vere eit samarbeidsprosjekt mellom Bygland IL, Valle IL og Otra IL, der cupen blir arrangert tredjekvart år i Bygland, Valle og Evje og Hornnes.
Arrangementskomitè
I 2017 var dei ansvarlege for å gjennomføre turneringa Kim Andre Nomeland Thorstensen (Bygland IL), Widar Winther (Bygland IL), Kristine Kleiveland (Valle IL) og Geir Daasvatn (Otra IL). Dei same arrangerte turneringa i 2018 og 2019.
Kjelder
- Innbydinga til turneringa
- Sigurd Haugsgjerd, Vil lage fotballfest for dei yngste, artikkel i Setesdølen nr. 73, 2017, side 8