Setesdalsgildet 2013
Setesdalsgildet 2013 vart arrangert på Hovden grendehus laurdag 12. oktober 2013. Styrk Fjærtoft Trondsen var leiar av arrangementet, og Sigrud Brokke stod for kunstnarleg underhaldning på munnharpe klokka 14. Ordførar Jon Rolf Næss opna arrangementet klokka 11, og då opna og salgsmessa og messekafeen. Klokka 12 starta kokkelauga frå Telemark, Bergen og Sørlandet kokkekamp. Klokka 15 var det prisutdeling ved Setesdal Regionråd, klokka 15.30 var det trekking på lotteriet der gevinsten var ei helg på Hovden for heile familien og klokka 16 var det slutt på Hovden grendehus. Deretter var det ulike arrangement på serveringsstadene på Hovden.
Arrangementet tjuvstarta fredagskvelden 11. oktober 2013 med underhaldning av Fjellfolk på Furumo, viltmeny på Hovdestøylen, øl-smaking på Hovden Fjellstoge og årets lam frå Fjellgarden Hovden på Hovdehytta.
Kjelde
- Annonse i Setesdølen nr. 79, 2013 side 10