Setesdal tråvlag 1940

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tråvkøyring på Vassendkilen mange år seinare, i 1985

Tråvkøyring om vinteren på anten Byglandsfjorden eller Vassendkilen, det har vore årvisst heilt til Senum Tråvbane kom i stand. Hesteeigarar frå Setesdal og grannedalføra møttest til tevling ute på isen for å sjå kven som hadde den snøggaste tråvaren. Mange samla seg, og det vart mykje gama under premieutdelinga om kvelden.

Ei tråvkøyring som hadde gjenge føre seg den 10. mars dette året, var omtala i Fædrelandsvennen den 13. mars. Samstundes var det sett inn annonse for ei ny tråvkøyring den 17. mars, og då til bate for Finnland som det sto i teksta. På denne tida kjempa finnane sin fortvila kamp mot den russiske overmakta, og medkjensla var stor i dei andre skandinaviske landa. Det vart vanleg å sjå annonser frå butikkar som skulle ha eit eindags utsalg, og der avansen vart send til hjelp for Finnland, og folk vart oppmoda om å handle.

Setesdal tråvlag ville på sin måte hjelpa til, og tillysa difor ei ny tråvkøyring der øveskotet skulle gå hjelp for finnane. Den 20. mars kunne ein sjå resultata frå denne tevlinga i avisene. Nettoinnkoma vart på kroner 211,56. For å forstå verdien, kan ein syna til at ei gjennomsnitteleg timeløn i industrien var kr. 1,69 i 1939.

Omlag samstundes hadde finnane kapitulera for russarane, og ei stor folkeflytting ut av dei tapte områda var i gong. Difor trong finnland framleis hjelp for å klara seg, men om pengane frå tråvlaget rokk fram er uvisst. Som kjent så vart det Noregs tur til å verta hærteken nokre veker seinare, den 9. april.

13. mars 1940: Setesdals tråvlag[rediger]

Setesdal tråvlag hadde køyring på fjorden med Bygland no sundag 10. mars. Banen var god og veret og, noko lite kaldt utpå isen, men ingen ting mot det me var vant til frå februar. Det var ikkje så mange hestar som tevla. Men dei få var jamt over gode, og so fin køyring var det skjeldan å sjå.
(Den lange resultatlista er ikkje tatt med her)

17. mars 1940: Sjå her! Tråvkøyrarstemna på Byglandsfjord den 17. mars 1940 kl. 13 (kl. 1 em.) [rediger]

Køyring til bate for Finnland. For alle hestar i alderen frå 1 1/2 til 25 år. Det vert ei mynstring ikkje berre av tråvarar, men og av vanlege arbeids- og gardshestar. Alle slag køyregreidor kan nyttast.
(Det har kome spurnader frå nokre som vil møta fram og kaupa unge folar)
Fest etter køyringi med talar, felespel og song. Møt mannjamt fram! Ein tek atterhald um dårleg is- og vertilhøve.
For tilskipingsnemndi på Byglandsfjord: Aasulv Lande.

20. mars 1940: Tråvkøyring på Byglandsfjord[rediger]

Tråvstemna på Byglandsfjord sist sundag til inntekt for Finnland hadde samla mykje folk og etter måten mange og raske hestar. Åsulv Lande hadde oppmoda folk til å møte mannjamnt fram med alle slags hestar og køyregreider, for at køyringi skulde få eit morosamt innslag som friska opp minne om gamle dagar, men folk fylgde diverre ikkje denne oppmodingi.
Det vart meldt inn mest berre velkjende tråvarar, og domarane laut laga køyringi etter vanleg uppskrift som ei styrkeprøve millom dei raskaste hestane.
På festen i ungdomshuset heldt Åsulv Lande ein kort tale for Finnland. Dinest vart premiane utdela soleis:
1. laup: 1) «Falken», O. Greibrok. 2) «Zaren», O. Skjeggedal. 3)«Kvikk 2», Simonstad. 4) «Simla», T. Kvåle. 5) «Hogne», Å. Lande. 6) «Ryan Tell», Nils Odde.
2. laup: 1) «Prinsen», M. Rydland. 2) «Stigbruna», K. Nygård. 3) «Nøkkerosa», O. Skjeggedal. 4) «Stålnedda», O. Lunden.
3. laup: 1) «Falken». 2) «Zaren». 3) «Hogne».
4. laup, æreslaup: 1) «Prinsen». 2) «Nøkkerosa». 3)«Stigbruna». 4) «Stålnedda».
For kvar hest som hadde vore med i køyringi, fekk eigaren ein liten minnepremie. Domarar og tidtakarar var: Åsulv Lande, Gunnar Faret, Eivind Ose, Mikkjel Skjevrak og Sigurd Abusdal. Startar var Olav O. Ose.
Etter premieutdelinga synte landbrukskandidat Moberg fram den nye landbruksfilmen. Ein spelemann frå Rysstad sytte for at dei som ynskte det kunde få seg ein ekte setesdalsgangar. Ved kaptein Solli på Evjemoen var det ordna so at 5 artelleristar (som melde seg friviljug) fekk høve til å taka i mot pengar på tråvstemna og i ungdomshuset, og dei gjorde mykje til at det økonomiske resultat vart godt. Heile nettoinnkoma av stemna, kr. 211,56, gjeng til Finnland.
S. A.

Kjelder[rediger]

  • Setesdals tråvlag, Fædrelandsvennen, 13. mars 1940.
  • Tråvkøyrarstemna på Byglandsfjord den 17. mars 1940, annonse i Fædrelandsvennen, 13. mars 1940.
  • Tråvkøyring på Byglandsfjord, Fædrelandsvennen 20. mars 1940.