Senum Tråvbane
Hopp til navigering
Hopp til søk

Frå det årvisse 1.mai-laupet
Foto: Reidar Tveito
Senum Tråvbane er tråvbanen i Setesdal. Han ligg på Senum og vart opna 1. mai 1992 av styreleiar Egil Tveit i Agder Travforbund. Anlegget vart bygd ferdig etter at ei arbeidsgruppe innan Setesdal Tråvlag med Johs. K. Hansen, Notto Abusland, Arne Hansen, Randi Aas, Jan Terje Skjeggedal og mange andre gode krefter hadde vore i sving.
Opningsstemnet baud på 47 hestar fordelt på åtte løp. 1. mai 2012 var det 15 løp med heile 80 hestar som stilte til start, mange av desse var ponniar, men det var også løp for varmblodshestar og kaldblodståvarar.
Sjå også
Kjelde
Sigurd Haugsgjerd: 20-årsjubileumskøyring på Senum 1. mai. Artikkel i Setesdølen nr. 33, 2012 side 11