Salmund Gjeiskelid
Salmund Gjeiskelid | ||
---|---|---|
![]() | ||
Foto: Jon Løyland/Setesdalsmuseet
| ||
Født: | 1911 | |
Død: | 1995 (alder 83–84) |
Salmund Gjeiskelid (1911–1995) var gravemaskinkøyrar og bonde på Geiskeli i Bykle. Han og kona Anne Gjeiskelid flytta til Geiskeli i 1959 etter at dei hadde budd i Bjelland, der han hadde hatt smie og verkstad. Han heldt fram med sveising og smiing også i Bykle. Saman med Anne dreiv han også garden med 50-60 vinterfora sauer. Sjølv om dei dreiv garden frå dei flytta heim, fekk han ikkje skøyte på bruket frå far sin Helleik S. Glidbjørg før i 1967.
Under andre verdskrigen var Salmund med i styrken til Thor O. Hannevig ved Vinjesvingen. Sidan vart han hovudkontaktmann for heimefronten i Bykle.
Jøssingbu
13. januar 1943 var Salmund Gjeiskelid involvert i ei hending i Jøssingbu som distriktslege Gert Magne Høye fortalde om i Jol i Setesdal 1970:
Tyskarane hadde teke til å arrestere folk i Setesdal. Dei hadde rulla opp ei mostandsgruppe [...]. Det kom mange flyktningar til Jøssingbu, sume reiste til ei hytte lenger inne på heia. I Jøssingbu hende det eit stygt uhell. Ein maskinpistol som ikkje var sikra, tok til å sleppe skot då han vart slengd vekk, og tre skot råka Sjur O. Vatnedalen i kneet. Sjur var då hjelpelaus, og kunne ikkje røme. Salmund Jeiskelid og Kjetil Glidbjørg ville ikkje reise frå han. Dei ringde til meg og ba meg kome til Jeiskeli for å hjelpe ein kar som hadde hogge seg i foten og blødde stygt.
Eg var trøytt og sliten etter ein lang dag, men tok i veg mot kvelden [...]. Ved Bykle hotell var mange tyske soldatar, men eg hadde høyrt at der skulle vere ei tysk avdeling i vintertrening, så eg gjorde ikkje så mykje vesen av det eg såg.
Ved vegskilet til Jeiskelid måtte [...] bilen vente. Eg gjekk vidare på ski. Olav Jeiskelid fylgde med til heis. Det var mørke kvelden, men Olav var godt kjend, og fram til hytta kom vi. Sjur var stygt skadd og trong sårt til hjelp. Men elles var karane i godt humør [...].
Etter at Høie hadde stelt såret, drog dei tilbake til bilen att. Der venta tyskarane, men Høie hadde ei truverdig dekkhistorie som gjorde at dei fekk gå. Så skriv han vidare i Jol i Setesdal 1970:
Men korleis gjekk det med dei tre i Jøssingbu? Det tok litt tid før tyskarane kom til heis, for det sette inn med vind og snøføyke. Det var til bate for dei tre at det drygde, dei fekk tid til samråding om kva dei skulle seia når dei vart avhøyrde. Då veret letta kom tyskarane. Dei gjekk i line og hadde Olav Jeiskelid føre som vegvisar. Eg hadde otte og gru for dei tre. Sett at dei skaut. Dei var huga, og alle tre var uredde karar og gode skyttarar, dei kunne nok ha meia ned dei som kom etter dei. Men kva ville hende etterpå? Det var nok det karane tenkte på, og dei handla klokt og løyste ikkje eit skot. Alle tre vart tekne og kom under hard tortur, men forklara seg heilt likt. Dei sa til tyskarane at dei hadde vorte usamde med leiarar i heimefronten, dei hadde tretta med ein av dei, og under tretta vart Sjur skoten i foten. Alle heldt meg heilt utanfor det heile. Det enda med at Sjur vart innlagd på sjukehus, og Kjetil vart send til Tyskland. Men Salmund då? Eg ville knapt tru mine eigne augo då han ei stund etter kom til meg, roleg og smilande som før. Han hadde lurt tyskarane, hadde hykla samhug med dei og hadde mykje vondt å seia om heimefrontleiarar. Og tyskarane trudde han og gav han fri.