Søndre Jøtnefotvatni

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Søndre Jøtnefotvatni er eit vatn på heia vest for Øvre Dåsvatn i Hornnes, heilt inn til grensa mot Åseral. Vatnet heng saman med Nordre Jøtnefotvatni via ein liten bekk på bare 50–100 meter. Det går skogsbilveg inn til vatna frå Håvestøl i Åseral.

8. september 1941 sleppte eit britisk bombefly, eit B-17C med kjenneteikn AN 535, bombelasta si over Jøtnefotvatni. Flyet var på tokt mot Oslo, saman med to andre fly. Eitt av flya, AN 525, blei skote ned av tyskerane og styrta i Songedalslia nord for Melejuvet i Bygland. AN 535 med Sgt. Wood som flygar bestemte seg då for å snu tilbake mot England, og sleppte bombene for å kunne manøvrere betre.

Kjelder

Kart

Laster kart...