Runebergodden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Runebergodden er eit nes i Byglandsfjorden, heilt sør i fjorden, ved Senum i Hornnes.
Evje og Hornnes kommunestyre har 3. juni 2016 vedteke reguleringsplan for Runebergodden, som opnar for bygging av 11 fritidsbustader ytterst på odden. I tilknytning til hyttene skal det også tilretteleggast med brygge og båtplassar ved fjorden. I dag er det bare ei hytte på staden, nær fylkesvegen i nord-vest. Det er dei lokale bygge- og entreprenørverksemdene KW-Bygg og Breistøl & Falkgjerdet Maskin som skal stå bak utbygginga, gjennom firmaet Runebergodden AS.
Kjelder
- Kart med oversyn over vedtekne reguleringsplanar på heimesida til Evje og Hornnes kommune
- Sigurd Haugsgjerd, Byggjer ut Runebergodden, artikkel i Setesdølen nr. 54, 2017, side 13