Rosenlund sag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosenlund sagbruk 13. april 2018.

Rosenlund sag er eit nedlagt sagbruk ved Oddeåna, rett nord for Oddefossen og tett ved Gautestadvegen, i Evje.

Historie

Olav Lund bygde sagbruket i 1912, saman med grannen Nils Odde. I 1916 bygde dei endå eit sagbruk, Odde Sagbruk ved Beinsbru lenger nede i Oddeåna. Då dei hadde bygd desse to sagbruka, delte dei sagbruka mellom seg. Olav Lund fekk Rosenlund aleine.

Rosenlund sagbruk blei til å begynne med driven av eit stort vasshjul i Oddefossen. Seinare blei dette fjerna, og saga fekk tilkopling til elektrisk straum. Olav Lund dreiv saga til han døydde. I dag eig Evje og Hornnes kommune saga. Kommunen leiger bygningen ut til Oddestemmen steinsliperi.

Kjelder