Rindeberg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvdalsodden med Rindeberg nærast. Lauvdal og Nautedalen i bakgrunnen
Bukta og øya ved Rindeberg.
Foto: Reidar Tveito

Rindeberg er ein særmerkt stad lengst vest på Lauvdalsodden, som ligg ved riksveg 9 mellom Lauvdal og Bygland.

Om kvifor Rindeberg fekk ei slik utforming

Det finn ein ut om ein les i Gamalt or Sætesdal der Johannes Skar fortel om ei segn som også er knytta til både Melejuvet og Kong Hane på Bygland:

Eingång kåm 'an vestati sigglandi ti Bygland. Melejuv e farvegjen 'ass. De gjekk i eit renni ne liann' å tvert ive fjoren, luks 'ni fjøddi å utte i 'n bugji. Dei kadde den bugjen Sant-Olavs sving.

Dette var om då Heilag-Olav hadde fått kristna åsdølane. Etterpå sigla han over heia med skipet sitt, Ormen Lange, men båten kom noko lågt ned slik at kjølen skar ut Melejuvet. Børa var så god at dei brasa innom landet på austsida og skar ut ei øy der innan dei fôr vidare mot Bygland, og opp til Kong Hane. Spora etter hendinga kan ein ennå sjå 1000 år etterpå.

Det er ei bukt lengst vest på Lauvdalsodden der det ligg ei øy i innlaupet. Ein kan godt taka turen innom der om ein er ute med båten på ein varm dag. Johannes Skar kalla bukta for Sant-Olavs sving, men nå heiter staden Rindeberg. Innafor bukta er det litt engmark med ein eldre låve like ved. Dette er ein populær stad for folk frå Lauvdal.

Kjelder:

  • Johannes Skar: Gamalt or Sætesdal band 2.
  • Kjell Lande frå Lauvdal.

Kart

Laster kart...