Randi Therese Flateland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Randi Therese Flateland
Født: 1940
Død: 24. november 2015 (alder 74–75)

Randi Therese Flateland (fødd 1940, død 24. november 2015) budde på Evjeheimen den siste tida. Ho etterlet seg døtrene Anne Berit og Gunn Emma, svigerbarn og barnebarn. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 4. desember 2015 klokka 11. Like kjært som blomar var ei gåve til Evjeheimen.

Randi Flateland var dotter til frisøren Anna Mollestad og vaks opp i Flatebygd, men familien flytta til Evje tidleg på 1950-talet. Etter å ha hatt læretid i Kristiansand eit par år arbeidde ho i salongen til mora. Då Sentrumsbygget på Evje stod ferdig i 1973, flytta ho inn der. Ho vart i 1964 gift med skogbruksleiar Salve Flateland. Dei fekk to døtre som også vart frisørar og overtok salongen etter mora.

På fritida var ho glad i å saume bunader og sterkt engasjert i Evje Sanitetsforening.

Kjelder[rediger]