Der reinen går er jorda freda

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida.

Der reinen går er jorda freda er ei bok om reinsdyr, laga av Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg i Fjellrein AS. Ragnhild har ført orda, medan boka er illustrert og fargesett av Tove. Boka er utgjeve i 2020. Ho har 168 sider. ISBN 978-82-692124-0-2.

Forfattarane ynskjer å formidle kunnskap om rein og fjell, men på ein annan måte enn det som har vore vanleg. Dei vil fortelje nokre av historiane som ligg gøymt i naturen og vise noko av det stille landskapet som kan seie oss så mykje.

Boka er delt inn i to hovuddelar: 1. Reinsdyr, og 2. Fjellets åtte årstider.

Kjelder

  • Boka