Onsdagssending i Valle Radio 20111123

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagssending i Valle Radio 20111123 er eit oversyn over programmet i Valle Radio 23. november 2011. Denne dagen var det overført møte i Valle kommunestyre, og teknikar var Torhild Sandnes. Møtet vart sett klokka 18, men det vart ein halv times pause for gruppemøte i starten av møtet.

Program

Frammøte kl. 16.00 for utdeling av og opplæring i ipad.

Etter møtet:

  • Rådmannen v/fagansvarleg økonomi Wenche E. Gundersen orienterer om Handlingsplan og

økonomiplan 2012-2015 og årsbudsjett 2012

  • Ekstraordinær generalforsamling i Brokke skianlegg AS
    • val av nytt styre
    • årsrekneskap 2010 fylgjer som vedlegg til informasjon

Til handsaming:

PS 83/11 Referatsaker

Ingen referatsaker

PS 84/11 Førespurnader

  • Sissel Åkre hadde førespurnad om skulestruktur.
  • Ordførar Tarald Myrum svarte på førespurnaden. Sjølv om saka ikkje var ferdig utgreidd i det førre kommunestyret, vart saka lagt daud i valkampen, og det nye kommunestyret, med unntak av Venstre har ein annan politikk. Det skal likevel gjerast ei formell avslutning av arbeidet.

PS 85/11 Vurdering av overflytting til Vest-Agder

Vedtak i formannskapet

Valle kommune viser til resultata av folkeavrøystinga om samanslåing av Aust-Agder og Vest-Agder fylke som syner eit fylke med stor indre splid. Situasjonen i dag er uhaldbar og ein bed Regjeringa om å setje i gang eit arbeid med tanke på samanslåing.

Dersom det ikkje vert nokon prosess mot fylkessamanslåing, vil Valle kommune sjå seg tent med overflytting til Vest-Agder og sender søknad om dette.

Det var innlegg av Frode Verpe, Tarald Myrum, Steinar Kyrvestad, Sissel Åkre

Frode Verpe hadde eit framlegg: Valle kommune søkjer ikkje om overflytting til Vest-Agder. Dette vart vedteke med 8 mot 7 stemmer.

PS 86/11 Tertialrapport pr. 31.08.2011

Vedtak i formannskapet

Tertialrapport pr. 31.08.2011 vert teken til orientering

PS 87/11 Høyring - Heieplanen

Regional plan for bruk og vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

Vedtaket i formannskapet vart samrøystes vedteke i møtet

Valle kommune er stort sett nøgd med resultatet ein har kome fram til gjennom regional plan.

Kommunen ynskjer ei utvida arealgrense for stølsbuene på 50 m2. Gjennom revidering av kommuneplanen sin arealdel vert det innarbeidd løypeplan for området på Bjørnevatn.

Kommunen legg til grunn dei vedlagde retningsliner frå Fylkesmannen i Aust-Agder

Andre innspel til planen ligg i saksutgreiinga.

PS 89/11 Tilsynsrapport

Vart utsett til desember

  • Valle skule 2010/2011
Rådmannen tilrår

Kommunen godkjenner tilsynsrapport frå Valle skule 2010/2011

PS 90/11 Tilsynsrapport

Vart utsett til desember

  • Hylestad skule 2010/2011
Rådmannen tilrår

Kommunen godkjenner tilsynsrapporten for Hylestad skule 2010/2011

PS 91/11 Val av valnemnd for 2011-2015

PS 92/11 Suppleringsval

Til styre, råd og utval for perioden 2011 - 2015. Det skal veljast fylgjande:

  • Representantskapet for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS
  • Representantskap for Setesdalsmuseet IKS: Ordførar og varaordførar med Bjørgulv N. Berg og Bjørgulv T. Berg som varamedlemmer
Utsett
  • Styre for Setesdal folkehøgskule:
  • Styre for Brokke skianlegg AS

Eksterne lenker