Olav S. Heggtveit

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav S. Heggtveit
Olav Heggtveit.jpg
Olav Heggtveit på sin 80-års dag
Født: 28. mars 1914
Død: 25. januar 2005 (90 år)

Olav Såveson Heggtveit (født 28. mars 1914, død 25. januar 2005) budde på FærvikTromøya. Han etterlet seg kona Norma Heggtveit, barna Såve Heggtveit og John Heggtveit, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Gravferda var frå Færvik kirke på Tromøy fredag 28. januar 2005 klokka 10.30.

Motstandsarbeid

Olav hadde militær utdanning frå Garden. Han var med i krigshandlingane i Setesdal frå 9. april 1940 til kapitulasjonen nokre få dagar seinare. I åra 1942–1944 var han og Norma brukarar på Ånebjør. Via Tarjei Aaknes blei han seint i desember 1943 introdusert for Jens Ropstad (leiar for Operasjon Sandpiper). Nå kom han med i motstandsarbeidet som Robstad var i gang med å bygge opp att etter opprullinga av Laudalsorganisasjonen. Han var med på å transportere og gøyme vekk utstyr etter flyslepp. Seinare fekk han i oppdrag å ta ut ei motstandsgruppe i Bygland. Eit av oppdraga var å vere klar til å sprenge vegen Moi–Tveit ved ein alliert invasjon. Det var for å hindre tysk retrett. Olav og fleire andre fekk våpeninstruksjon av Arthur Fosse, Jens Ropstad og Jacob Eikanger. Saman med Arthur Fosse saboterte han ein stor drivstoffhaldar på Ose. Dei helte ein stor sekk med sukker opp i tanken, og tyskerane fekk full stans i bilparken.

I november 1944 kom ei ny stor opprulling av motstandsrøyrsla på Sørlandet. Olav blei arrestert 14. november 1944. Han sat på Arkivet til avhøyr i rundt 14 dagar. Etter det vart han sendt til Grini fangeleir som fange nr. 16460. I mars 1945 blei han saman med om lag 300 andre Grini-fangar sendt til Mysen fangeleir.

Ved freden bar det rett heim til Setesdal. Saman med Mikkjel Heggland gjorde han vaktteneste på Arkivet. Etter ei lita stund der, gjekk han tilbake til arbeidslivet igjen.

Kjelder

Eksterne lenker