Skjoldmøyslaget
Skjoldmøyslaget - Faremoslåttar frå Setesdal er eit musikkalbum av Torleiv H. Bjørgum og Hallvard T. Bjørgum frå 1990. Hallvard er produsent på plata, som i 2011 vart teke med i Morgenbladets Topp 100, der plata fekk 14. plass, beste plassering til ei folkemusikkplate. Gjermund Kolltveit, førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark, Institutt for folkekultur i Rauland, instrumentmakar og musikar, skriv i konklusjonen: «Men uten forkleinelse for andre og nyere prosjekter: Skjoldmøyslaget blir stående som en bauta som fremtidige spellemenn, spellekvinner, musikere og publikum kan lære av og bli inspirert av. Slik segnene om skjoldmøyene omplantet norrøn mytologi i Setesdalens folketro, kan slåttemusikken til Torleiv H. og Hallvard T. Bjørgum tas med videre inn i det 21. århundre og bli omplantet til mange andre voksesteder, både i og utenfor Setesdalen.»
Samla speletid er 71.10.
Spor
- Førespel av Olav Heggland, spelt av Hallvard T. Bjørgum på trollstilt hardingfele AEACiss - 2.08
- Skjoldmøyslaget i form etter Olav Heggland, spelt av Hallvard T. Bjørgum på trollstilt hardingfele AEACiss - 3.33
- Skjoldmøyslaget, spelt av Torleiv H. Bjørgum på munnharpe - 1.33
- Faremogangar i form etter Knut Jonson Heddi spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med laus bas GDAE - 3.15
- Slåtten hennar Åshild (som nr. 4) - 2.26
- Slåtten hans Knut Mo (som nr. 4) - 1.46
- Soteroen (som nr. 4) - 2.19
- Lurhornslaget/ Homslien i form etter Eivind Hamre spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med laus bas GDAE - 3.02
- Faremoklunkaren i form etter Knut J. Heddi spelt av Hallvard T. Bjørgum på halvt forstemt hardingfele GDAD - 3.15
- Filleværen, spelt av Torleiv H. Bjørgum på munnharpe - 1.21
- Filleværen i form etter Knut J. Heddi spelt av Torleiv H. Bjørgum på hardingfele med laus bas GDAE - 3.14
- Bestelanden, spelt av Torleiv H. Bjørgum på munnharpe - 1.09
- Bestelanden (som nr. 11) - 3.14
- Rammeslått I i form etter Knut J. Heddi på vanleg fele med gorrlaus bas, FDAE - 1.41
- Rammeslått II (som nr. 14) - 1.45
- Nordafjells (som nr. 14) - 4.10
- Rammeslått II spelt av Torleiv H. Bjørgum på munnharpe - 1.05
- Nordafjells (som nr. 17) - 1.14
- Den 4. gorrlausen i form etter Andres K. Rysstad spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med gorrlaus bas FDAE - 2.32
- Gravbakken i form etter Eivind D. Åkhus spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med laus bas GDAE 3.18
- Domedagsslåtten i form etter Hallvard S. Rysstad spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med gorrlaus bas FDAE - 4.18
- Faremoens brureslag i form etter Knut J. Heddi spelt av Hallvard T. Bjørgum på trollstilt hardingfele AEACiss - 0.58
- Faremoen (som nr. 11) - 2.15
- Slåttestev etter Hallvard K. Rysstad - 0.06
- Slåtten hans Borgår spelt av Torleiv H. Bjørgum på munnharpe - 1.17
- Slåtten hans Borgår i form etter Knut J. Heddi spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med gorrlaus bas - FDAE 1.23
- Dolkaren i form etter Knut J. Heddi spelt av Hallvard T. Bjørgum på hardingfele med laus bas GDAE - 3.15
- Huldreslått i form etter Knut J. Heddi spelt av Hallvard T. Bjørgum på trollstilt hardingfele AEACiss - 3.01
- Skjoldmøyslaget (som nr. 28)
Kjelde
- Tekstheftet til plata