Olaf G. Abusdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olaf G. Abusdal
Kari Olsdtr. Faret og Olaf G. Abusdal.jpg
Olaf G. Abusdal saman med kona Kari.
Foto: Ukjent
Født: 28. mai 1864
Død: 13. april 1920 (55 år)

Olaf Gunnarson Abusdal (Ola Breidablik) (fødd 28. mai 1864 på Abusdal i Hornnes, død 13. april 1920 på Byglandsfjord, var rudkall og handelsmann på Byglandsfjord. Han var gift med Kari O. Abusdal (fødd Faret) frå Hornnes.

Først var Olaf Abusdal handelsmann hos faren Gunnar O. Abusdal i Dåsnes i Hornnes. Men i 1893 flytta han nokre kilometer nordover til Byglandsfjord saman med familien. Dei slo seg ned i huset Breidablikk som faren hadde fått sett opp. I Breidablikk tok Olaf eit rom i bruk til handel, og eit handelsfirma vart registrert i 1894. Samstundes tok han til å bygge brygge attmed huset. Brygga blei snart dampskipsbrygge. Turisttrafikken langs Setesdal og forbi Byglandsfjord auka sterkt i desse tidene, og huset Breidablikk blei med tida meir og meir nytta som hotell. Omsetninga i landhandelen auka også kraftig, og Abusdal fann det nødvendig å sette opp eit nytt hus på austsida av Setesdalsvegen.

Olaf Abusdal døydde i 1920.

Kjelder[rediger]