Odden (Frøyrak)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Odden var ein husmannsplass på Mørkenesodden på Frøyrak i Bygland. Olav Pålson (f. 1800, d. 1876) var første husmannen her. Ein av sønene var den vidkjende spelemannen Torjus Odden.
Då Byglandsfjorden blei demt opp først på 1900-talet blei Mørkenesodden til ein holme, og familien gav opp Odden. Dei flytta til Solli litt lenger sør på Frøyrak.
Kjelder
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 375–376
- Norgeskart.no