Mørkenesodden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mørkenesodden var eit nes som stakk ut i Byglandsfjorden sør-aust for husa i garden Frøyrak i Bygland. Etter oppdemminga av fjorden er neset meir som ei øy når vasstanden er høg.
Historie
På Mørkenesodden låg husmannsplassen Odden. Her var også dampbåtbrygge fram til vasstanden i fjorden blei heva ved reguleringa først på 1900-talet.
Kjelder
- Kartverket.no
- Artikkelen om Frøyrak på Lokalhistoriewiki.no
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 376
- Artikkelen om Gamle Frøyrak brygge på Kulturminnesok.no