Nygård (Bykle gnr 12 bnr 6)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Nygård (Tjønnemidjom) var eit småbruk (Bykle gnr. 12 bnr 6) på ei flate mellom Lisletjønn og Storetjønn på Holen i Nordbygdi i Bykle. Ånund Mikkelsson Holen (f.1900, d. 1972) sette i gang med dyrking og husbygging her frå 1922. Han var gift med Margit Sigbjørnsdotter Holen (f. Løyning 1903, d. 1986). Dei budde på Nygård til Ånund døydde i 1972.
Husa på eigedomen er borte i dag. Det står ei nyare hytte på staden.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 314–317
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 44