Nomelandshaugen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nomelandshaugen er ein gravhaug på Nomeland, på vestsida av Otra, i Valle.
Haugen har eit tverrmål på om lag 35 meter, og ei høgde på rundt 3,5 meter. Den nordlege delen, ca. 1/3 av haugen, er planert ut til ca 1 meter over dyrka mark med eit steingjerde langs kanten.
Nomelandshaugen er det største kjende gravminnet i Valle, og skal også vere den største bevarte i Aust-Agder. Dateringa er til jernalder.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 35–36
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 604–605
- Om Nomelandshaugen på Kulturminnesok.no
- Zanette Tsigaridas Glørstad, Gravskikk og rituell praksis i jernalderen i Setesdal, artikkel i Spor i Setesdalsjord, Bokbyen Forlag, 2014, side 43 flg.