Motstandsrørsla mot Gyvatn artilleriskytefelt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigbjørn Horverak, Helga Haugen, Harald Synnes og Osmund Faremo
Foto: Reidar Tveito
Den opprinnelige minneplaketten
Foto: Reidar Tveito
Minneplaketten på plass i Gyvatn
Foto: Reidar Tveito

Motstandsrørsla mot Gyvatn artilleriskytefelt var ein aksjon som i perioden frå mai 1984 til juni 1995 kjempa for å redde 120.000 mål natur i grensetraktene mellom Bygland, Åseral og Evje og Hornnes frå å bli gjort til skytefelt for Forsvaret. Leiar for aksjonen var Sigbjørn Horverak. Andre aktive i aksjonen var Olav Uleberg og Nils Austegard frå Åseral kommune, Elg Kile og Einar Uleberg frå Dåsvassdalen i Evje og Hornnes kommune og Birgit Skjevrak Skeie frå Bygland kommune.

Stortinget hadde vedteke å opprette skytefeltet 2. mai 1984. Etter ein lang motstandskamp vart vedtaket oppheva 12. juni 1995. I august 1996 vart det sett opp ei minneplate om kampen på ei øy i Gyvatn. Denne plata vart riven ned, truleg i 2006. Men i april 2011 vart det sett opp ei ny minneplate. Den vart sett opp på Sandvassknuten ved Gyvatn.

Kjelde