Litterær storhending i Grendi

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Litterær storhending i Grendi er referatet frå Landeskogen Litteraturfest 10. juli 2013. Det er skrive av Irene Gressli Haugen og stod på trykk i Setesdølen nr. 54, 2013 side 3.

Referatet[rediger]

Ein kan like gjerne seie det med det same: Den som ikkje fann vegen til Landeskogen på onsdag, den gjekk glipp av noko stort! Det var heldigvis mange som hadde skjønt det av seg sjølve, for medan sola steikte på Byglandsfjorden, drog fyrverkeriet Gro Dahle i gong barneprogrammet på Litteraturfesten. Både ungar og vaksne let seg begeistre. Arrangørane hadde lagt ut madrassar og puter på golvet, og der kunne ungane sitte/ligge og høyre Gro Dahle lese og sjå illustrasjonane vist på veggen.

Mellom barneprogrammet og kveldsprogrammet kunne folk ta seg ein tur inn og sjå på utstillingane til Gunnhild Røkkum Børset og Marit Kvaale og hygge seg ute i det fine veret. Mat og drikke var der og å få kjøpt, godt servert av Landeskogens venner. Helga Arntzen, kvinna bak den modige satsinga på å etablere seg som eit internasjonalt fredssenter og Landeskogens venner vart òg grundig takka i opningstalen til Hind Helene Røynesdal og Gunstein Bakke. Men før arrangørane ønskte velkomen vart den gamle matsalen på sanatoriet fylt til brestepunktet av eit forventningsfylt publikum. Og publikum vart ikkje skuffa!

Bernhard Ellefsen, kveldens konferansier, losa oss trygt og elegant gjennom programmet, og sette arrangementet inn i den store litteratur-, sjukdoms- og sanatoriehistoria. Runar Granheim var jinglemaster og spela to jinglar, ein på trekkspel og ein på piano. På forunderleg vis var desse små musikkstykka både stemningsskapande og stemningsbekreftande. Og ja, det var eit stort spenn av stemningar publikum fekk vere med på denne fine julikvelden.

Førstemann ut var Morten Langeland, som med si karismatiske opplesing frå ei bok han hadde laga på guteromet same dag, og frå det han kalla «Makrellboka mi» (debutboka Æ Æ Å som kom ut i 2012) fekk publikum til å humre godt og applaudere entusiastisk. Deretter las Bjarte Breiteig si urovekkande novelle frå samlinga Folk har begynt å banke på for ein sal så still at ein kunne høyre ei knappenål falle, før Gunstein Bakke las eit utdrag frå diktet Sanatoriet (frå Murskueteknikkane) som handlar om Landeskogen. Sanseleg, vakkert og til å kjenne seg igjen i.

Etter ei pause var det klart for hovudposten og den store attraksjonen på programmet: Paal-Helge Haugen og Daniel Sandén-Wargs urpremiere på eit samarbeid kring den legendariske boka Anne, som handlar om ei tuberkulosesjuk jente. Å sitte i eit gammalt sanatorium ga ein ekstra dimensjon til opplevinga av ei framføring som ikkje kan beskrivast som anna enn magisk. Den vakre musikken og den gode framføringa av den sterke teksten framkalla både gåsehud og tårer i augene hos publikum.

I siste bolk av programmet vart stemninga litt lausare. Trude Marstein las frå boka Hjem til meg, om Ove som forelskar seg i den eine kvinna etter den andre, og fikk mange til å trekke på smilebandet igjen. Siste post på det lange og innhaldsrike programmet var Brødet og Eselet, eit gruppeportrett av Europas folk ved hjelp av musikk. Absurd og originalt, framført av poeten Gunnar Wærness og musikaren Henrik Skotte.

Det var eit langt og innhaldsrikt program på ein fest som ikkje kan kallast noko anna en ein braksuksess. Den eine forfattaren etter den andre kunne fortelje at dei nok aldri hadde lese for så stort publikum før. Ein solblank kveld i juli, var vesle Grendi for ein storby å rekne.