Landeskogens venner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Landeskogens venner er Landeskogen Fredssenter si venneforeining. Ho blei stifta 20. mai 2012 på eit møte der 32 personar var til stades. Tove Krohn frå Tønsberg og Knut A. Austad frå Bygland var blant initiativtakarane.
Formål
Formålsparagrafen lyder:
- «Landeskogens venner skal arbeide for at Landeskogen Fredssenter får positiv merksemd, bygge kontaktnett, marknadsføre og på alle måtar vere ein positiv bidragsytar for at fredssenterets målsetting vert nådd»
Foreininga sitt fyrste styre vart vald ved akklamasjon og har desse medlemmane i 2012 – 2013:
- Leiar Knut A. Austad
- Ann-Cecilie Andersen Attestog
- Madelene Horverak
- Roald Rysstad
- Hind Helene Røynesdal
- Berit Åkre (Aktive Fredsreiser)
Helga Arntzen er medlem med tale- og møterett.
Varamedlemmar: Tove Krohn og ...
Kontigenten vart sett til 200,- per år for enkeltmedlemmer, 500,- for familiar og organisasjonar, og 1000,- per år for bedrifter.