Leiv Hartly Andreassen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Leiv Hartly AndreassenSymbol unrelated.svg
Hartlyandreassen.png
Født: 25. juni 1945 (74 år)

Leiv Hartly Andreassen (født 25. juni 1945) var nyskapingsdirektør i Evje Utvikling frå 2002 til 2004. Oppgåva var å få næringsliv i gang der Forsvaret hadde trekt seg unna. Han var siviløkonom frå Norges Handelshøgskole, der han studerte frå 1970 til 1973. Før det hadde han gått på Hornnes landsgymnas, og då han var skuleelev i Kvinesdal, hadde han Olav Arne Kleveland som lærar. Etter utdanninga til siviløkonom studerte han og ved Universitetet i Sevilla i Spania.

Før han kom til Evje Utvikling, hadde han eit mangslunge yrkesliv bak seg. Han starta som lærar i handelsfag på Stord, sidan kom han til Flekkefjord og var lærar på gymnaset der. På 1980-talet var han næringskonsulent i Kvinesdal, sidan var han sjølvstendig konsulent og hadde oppdrag med å lage næringsplanar for Sirdal, Hægebostad og Marnardal. Han var dagleg leiar og partnar i Eikås Sagbruk i Eiken ein periode, sidan var han i Harley Davidson Norge i Lyngdal før han kom til Såkorn Invest i Grimstad. Før han vart nyskapingsdirektør på Evje, var han administrerande direktør i SAIL Port Northern Europe på Voss, eit selskap som arbeider med språkteknologi. Medan han var der, var han med i eit utval oppnemnd av Kulturdepartementet for å greie ut Samling og tilgjengeliggjøring av norske språkteknologiressurser.

Etter at han hadde slutta på Evje, busette han seg i Lyngdal.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]