Langemyr
Hopp til navigering
Hopp til søk
Langemyr er eit småbruk (Evje og Hornnes gnr. 1 bnr. 17) sør på Senum i Hornnes. Fylkesveg 3778 går forbi på vestsida av eigedomen. På austsida ligg framleis den gamle kjerrevegen frå 1804.
Historie
Eigedomen blei skild ut frå bnr. 4 i 1901. Knut Olson Stean (d. 1935) braut opp jorda og bygde ein heim her for familien. Kona var Targjerd Olsdotter (f. 1857) frå Haugen i Åraksbø.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 39